Eventueltposten, problem eller mulegheit?

Bruken av eventueltposten skapte stor diskusjon på dagens formannskapsmøte.

Skrevet av:
Oddvar Tjomlid
Publisert:
24.09.2009 kl 15:10

Gallup

Syns du at det er for mange artiklar med negativ vinkling i Sirdølen?

» Vis resultat

Kommunestyre og formannskap har før møteslutt ein såkalla eventueltpost, der møtedeltakrane kan ta opp ting dei måtte ha på hjarta. Under dagens eventueltpost blei bruken av eventueltposten eit heitt tema.
-Dette blir ivaretatt, men det er ikkje politikk i dette, svara ordførar Thor Jørgen Tjørhom då problematikken rundt mobbinga på Sinnes skule blei tatt opp av Ivar Hognestad (Frp). Hognestad meinte at dette problemet måtte det gjerast noko med, og at det kanskje kunne vere ein idè å få inn meir fagkompetanse på feltet.
Jonny Liland (AP) viste til at problemet hadde vore drøfta i levekårsutvalet, og at det dermed alt var tatt tak i.
Helge M. Tonstad (H) retta ein aldri liten åtvarande peikefinger til Frp-representanten.
-Me må vere vare med kva me tar opp under evantueltposten. Det er så små tilhøve i Sirdal at alle veit kven det gjeld. Difor høyrer ei slik sak ikkje heime her.
Ordføraren minna om at ting svinga fort.
-For nokre månader sidan blei det sagt at Sinnes skule var verdas beste. Så dukkar det opp nokre einskildsaker som gjer at skulen brått blir så dårleg. Eg er trygg på at Sinnes skule er ein god skule. Men det er feil at det blir tatt opp som eit problem her. Eg er bekymra for slik bruk av eventueltposten.
På eventeueltposten blei det elles stilt spørsmål ved LOS Bynett sitt engasjement i Sirdal, og kva som skjedde.
-Kan Frank Haughom kome på eit formannskapsmøte og orientere om det, undrast Ivar Hognestad, som også etterlyste ei etikksamling. Han følte seg urettferdig behandla i sist kommunestyremøte då han fekk ei overhøvling av TLM-leiaren.
-Det blir førebudd ei slik sak i administrasjonen, men eg kan ikkje lova noko dato for nårtid det skjer, svara rådmannen.
Kva eventueltposten skulle nyttast til, dukka igjen opp som eit diskusjonstema.
-Eventueltposten har utvikla seg til noko den ikkje skal vera. Politikarane skal jobbe mellom møta for å avklare ting. Nå har det gått langt over det som denne posten skal nyttast til, kommenterte Helge M. Tonstad.
Jonny Liland (AP) stilte spørsmål med kva som skjedde med Tjørhomfjellet, og kva oppdatering som hadde skjedd i saka etter at Sirdalsvekst hadde anbefalt eit lån på 3 millionar kroner.
-Dette kjem det ei sak til politisk handsaming på neste torsdag, lova rådmannen.
-Saka er trekt då kan me ikkje diskutere denne saka nå, meinte Helge M. Tonstad.
-Men det er viktig å halde seg oppdatert, det skjer endringar heile tida, svara Jonny.
Etter møteslutt blei det ein til dels intens diskusjon mellom sentrale politikarar og pressen om kva som burde skrivast om Sirdal. Positiv omtale er alltid å føretrekkje, men avisene skal jo formidle både positive og negative ting.

Kommentarer (1 totalt)

Du må være innlogget for å skrive kommentar til nyheten.

  1. Media si rolle

    Torger Åge Sinnes, 24.09.2009 kl 20:21

    Sirdølen tek altså opp si eiga rolle i formidlinga av nyhende om Sirdal kommune. Ut i frå det eg veit, og her må gjerne redaktør eller andre med meir kunnskap om saka rette meg, så kjem nokre av avisas inntekter frå kommunekassa?

    Hvis så er tilfelle, så er det neppe nokon tvil om at avisa gjerne ikkje står så fritt til å skriva det ho vil om nettopp Sirdal kommune. Det er i så fall eit problem slik eg ser det.

    Det skulle berre mangle at Sirdølen, så vel som andre avisar og andre medium, ikkje skulle kunne skrive det dei ville ut i frå den informasjonen avisa sit på. Det er ikkje berre ein rett avisa har, men ganske utvilsamt også ei plikt!

    At politikarar skal redigere avisa slik det kan synast i det eg les i artikkelen her, er ikkje berre ein uting, men også eit solid varsko om at nokon kanskje er redd for å opne opp tilhøva i Sirdal for verda.

    Openheit er eit krav. At ting skal føregå bak stengde dører er skremande og eit hån mot demokratiske prinsipp. Dette gjeld kanskje spesielt for kommunar som Sirdal der alle kjenner alle, og der ein kjem lenger med idear ein måtte ha om ein kjenner dei rette folka i systemet.

    Eg forventar at Sirdølen tek tak i saker som dukkar opp, positive eller negative, og presenterer dei på ein objektiv måte. Om nokon tykkjer at slikt ikkje høyrer heime i verda anno 2009, seier det vel meir om deira motivasjon bak sakene enn det gjer om Sirdølen sin rett og plikt til å ta tak i nettopp slike saker. Som lokalavis burde til dømes Sirdølen vore fyrst ute med å melda om mobbesaka.

    Fraksjonar i Sirdal kommune har og, slik eg kjenner det, ei skremande evne til å ta kritikk som måtte dukka opp på ein måte; som ondsinna sladder ute etter å skade status quo i Sirdal.

    Eg kan difor koma med ei gledelig nyhende til den/dei som måtte kjenna seg truffen her: kritikk og spørsmålsstilling til korleis ting vert gjort, eller kvifor det vert gjort slik KAN faktisk vera noko anna enn eit angrep. Kjem ein seg ned frå pidestallen og stikk fingen i jorda, så kan ein på ein godversdag oppdaga at all "negativiteten" (som ein vel å tolka det som), faktisk er utspel som er meint å gjera Sirdal til det det ein gong var, nemlige ein god stad å bu!

    For litt lesing omkring mobbinga på Sinnes skule: http://www.dalstroka-innafor.net/2009/09/24/mobbing-pa-min-grunnskule/

Siste nyheter i Politikk


På siste formannskapsmøte:

3 eventueltsaker

Ivar Hognestad (Frp) hadde to saker som han tok opp under eventueltposten på torsdagens formannskapsmøte, og ordførar Thor Jørgen Tjørhom orienterte om ei sak.
Les mer...

Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanlegg

Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanleggOm formannskapsmedlemmene hadde delte meiningar om driftsgjennomgangsutvalet, finansiering av løypekøyringa og støtta til Sirdalsferie as, så var det brei semje om at det burde ytast dualeg økonomisk støtte for å få tilfredstillande vassverk- og kloakkrenseanlegg på Bjørnestad skisenter as.
Les mer...


Kvier seg for å ta avgjersler

UTSATT, UTSATT, UTSATT

UTSATT, UTSATT, UTSATTDet er ikkje lett for Sirdals politikarar å føreta nedskjeringar og prioriteringar. Det viste dagens formannskapsmøte. Eit møte som enda med at alle dei vanskelege sakene; «gjennomgang av kommunens driftsbudsjett, «finansiering av skiløyper» og «Sirdalsferie as - kommunal stønad» blei utsett. Dermed var møtet unnagjort på 23 minutt.
Les mer...1

Kvalitet framføre kvantitet

Ønskjer å få løypekøyringa på rett spor

Kvalitet framføre kvantitet«The never ending story» - finansieringa av løypekøyringa i Sirdal, er i ferd med å kome inn på eitt nytt spor. Erling Kindem har tatt initiativ for å etablere eit skiløypeutval. Så kanhende kan det likevel bli «a happy ending».
Les mer...


MONSTERMASTER…….., eller miljømaster ?

MONSTERMASTER…….., eller miljømaster ?Agder har satt søkelyset på utbygging av sentralnettet ved to anledninger i det siste. Disse artiklene har satt fokus på noen interessante problemstillinger som kan få særdeles viktig betydning for hele Lister-regionen.
Les mer...

Store mangler ved Sirdals flyktningemottak

Store mangler ved Sirdals flyktningemottakEt politisk ad hoc-utvalg har avslørt store mangler ved Sirdals flyktningemottak. Basert på komitèens konklusjoner er Sirdal per i dag ikke i stand til å ta i mot flyktninger på en tilfredsstillende måte.
Les mer...


Politikerne inntok nye Tonstad Skule

Politikerne inntok nye Tonstad SkuleEtter dagens kommunestyremøte fikk politikerne en statusoppdatering på fremdrift og økonomi rundt bygging av nye Tonstad Skule.
Les mer...

Har slipt sparekniven

Men administrasjon og politikarar ikkje samde om kor den skal nyttast

Men administrasjon og politikarar ikkje samde om kor den skal nyttastDei siste 40 åra har stort sett politikarar og administrasjon i Sirdal kommune unngått ei av dei mest krevande og utfordrande oppgåvene likesinna står overfor: Å prioritere. Difor er det kanskje ikkje så rart at eit driftsgjennomgangsutval som blei nedsett i fjor, ikkje klarte å konkretisere kva tiltak som skulle gjennomførast.
Les mer...


Ønska trafikktryggingstiltak i Haughom

Ønska trafikktryggingstiltak i HaughomSteinar Skretting (Frp) tok på eventueltposten under dagens kommunestyremøte opp trafikktryggleiken i Haughom.
Les mer...

Naboer klager på bakeriplanene

Naboer klager på bakeriplaneneTre naboer til det kommende bakeriet/leilighetskompleks i Tonstad sentrum, mener saksbehandler tåkelegger fakta i Tonstad Bakeris søknad om dispensasjon.
Les mer...


Ønskjer nabokommunane med i tunnelselskap

Ønskjer nabokommunane med i tunnelselskapMeiner det trengst lobbyarbeid for å få fart på planane.
Les mer...1

Innrømer at sakshandsamar var ugild

-Det synes klart at rådmannen har gjort feil i tilretteleggingen av sakene

-Det synes klart at rådmannen har gjort feil i tilretteleggingen av sakeneRådmannens subjektive vurdering er at det ikkje har påvirka søknadene frå Sirdalsferie as.
Les mer...

Siste nyheter


Dengang saueskillingen foregikk på fotballbanen

Slik var det på Tonstad i 1965

Se opptak fra siste gang saueskillingen fant sted på idrettsplassen på Tonstad.
Les mer...


På siste formannskapsmøte:

3 eventueltsaker

Ivar Hognestad (Frp) hadde to saker som han tok opp under eventueltposten på torsdagens formannskapsmøte, og ordførar Thor Jørgen Tjørhom orienterte om ei sak.
Les mer...


Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanlegg

Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanleggOm formannskapsmedlemmene hadde delte meiningar om driftsgjennomgangsutvalet, finansiering av løypekøyringa og støtta til Sirdalsferie as, så var det brei semje om at det burde ytast dualeg økonomisk støtte for å få tilfredstillande vassverk- og kloakkrenseanlegg på Bjørnestad skisenter as.
Les mer...


Kvier seg for å ta avgjersler

UTSATT, UTSATT, UTSATT

UTSATT, UTSATT, UTSATTDet er ikkje lett for Sirdals politikarar å føreta nedskjeringar og prioriteringar. Det viste dagens formannskapsmøte. Eit møte som enda med at alle dei vanskelege sakene; «gjennomgang av kommunens driftsbudsjett, «finansiering av skiløyper» og «Sirdalsferie as - kommunal stønad» blei utsett. Dermed var møtet unnagjort på 23 minutt.
Les mer...1


Kan dette vere ein Sirdalsmark?

Skulane skal kartleggje meitemarkane sine særtrekk

Skulane skal kartleggje meitemarkane sine særtrekkI Sirdal kalla me den ofte for "fiskemakk". Men det rette namnet er meitemark. Nå inviterer forskningsrådet skulane til ein "markedugnad".Målsetjinga er å finne ut om det er stor skilnad på meitemarken - om den har livnæra seg i ein åker på landet, eller ein kompostbinge midt i byen.
Les mer...


Ungdomsrevyen på Sirdalsdagane

«De kjøre riksvei, riksvei førti fem . . .

«De kjøre riksvei, riksvei førti fem . . .«Dei passere på Øvstabø, med bilen nesten full, og betale sine bompenga med fryd . . .»
Les mer...