NorGer sender revidert konsesjonssøknad til NVE
NorGer KS har i dag sendt inn en revidert konsesjonssøknad til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for den planlagte likestrømsforbindelsen mellom Norge og Tyskland.
Les mer...
Nettavis for Sirdal og dalstroka innafor
Det er bruken av denne vegen det stridast om. Vegen ( til høgre i biletet) går frå fylkesvegen inn mot Ovedal og 1.700 meter opp i lia oppføre Listøl.
Dei omlag 40 grunneigarane og hytteeigarane i Listølområdet, mellom Øksendal og Ovedal, føler seg overkøyrt av Sira-Kvina kraftselskap i samband med bruksretten til ein skogsveg som går frå fylkesvegen og opp mot anleggsområda ved Marevatn.
-Me i veglaget har tilbode kraftselskapet å kjøpe vegrett til 10 gonger det som hytteeigarane betaler, men Sira-Kvina takka nei til tilbodet. Dei ville heller nytta helikoptertransport var svaret me fekk, fortel leiaren i veglaget, Isak Listøl.
Sira-Kvina kraftselskap, som står som oppdragsgjevar for Øksendalsutbyggjinga, har anlagt ny veg frå Ovedal og innover heia for å kome på plass med naudsynt anleggsutstyr. Men den enklaste måten å kome fram til bekkeinntaka ved Marevatn på, er å køyre opp frå Listøl. Difor tilbaud grunneigarane på Listøl under konsesjonshandsaminga sleskapet å kjøpe bruksrett til den 1.700 meter lange vegen deira for i overkant av 100.000 kroner. Men selskapet takka nei, og viste til at dei i staden kom til å nytte seg av helikoptertransport.
For nokre veker sidan blei leiaren i veglaget oppringt av ein transportør som ønska å trakta ein større anleggsmaskin opp vegen og inn i anleggsområdet.
-Men eg sa nei, og viste til avtalen som Sira-Kvina ikkje ville inngå. Det er synd at ein tredjepart blei skadelidande på denne måten, for det kosta visstnok 10.000 kroner dagen å leige den maskinen. Men me føler at Sira-Kvina berre har tatt seg tilrette i denne saka, og at me måtte nekte transporten.
Den siste tida har det gått sterke rykter om at anleggstrafikken på vegen nå føregår med 6-hjularar og snøskuter.
Rolv Guddal ved Sira-Kvina kraftselskap kjende ikkje godt nok til saken til å kunne uttale seg. Og sidan Anders Løyning for tida er bortreist, har det ikkje lukkast oss å få nokon kommentar frå kraftselskapet.
NorGer KS har i dag sendt inn en revidert konsesjonssøknad til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for den planlagte likestrømsforbindelsen mellom Norge og Tyskland.
Les mer...
Nå er tida moden for hausting.
Les mer...
Se filmsnutt og bildegalleri fra Sirdalsdagane 2010.
Les mer...
Etter ein spanande kamp med Tonstad skule, gjekk Liknes skule til slutt sigrande ut av den såkalla «kraftkampen» på Sirdalsdagane. Ein kamp som blir utkjempa mellom 7-klassingane ved dei 7 skulane i Sirdal og Kvinesdal.
Les mer...
Siden jeg var liten har min far Johannes og onkel Torvald fortalt meg om bjørnefella, eller bjødnefella, som det heter i Gyland. Men som barn og ungdom og langt opp i voksen alder er det en travel hverdag og andre ting som legger beslag på tiden ens.
Les mer...
Rundt klokken 20.00 ankom sauedrifta Kvæven hvor hundrevis av skuelystne tok i mot "hovedpersonene" under Sirdalsdagane.
Les mer...
Se opptak fra siste gang saueskillingen fant sted på idrettsplassen på Tonstad.
Les mer...
I Sirdal kalla me den ofte for "fiskemakk". Men det rette namnet er meitemark. Nå inviterer forskningsrådet skulane til ein "markedugnad".Målsetjinga er å finne ut om det er stor skilnad på meitemarken - om den har livnæra seg i ein åker på landet, eller ein kompostbinge midt i byen.
Les mer...
På førstkommende lørdag vil radioamatører fra store deler av Sør-Norge innta Store Urevatn i Bykle kommune i Setesdal.
Les mer...
Fylkesmannen i Vest-Agder har forlenga fristen for jakt på ulv.
Les mer...1
«The never ending story» - finansieringa av løypekøyringa i Sirdal, er i ferd med å kome inn på eitt nytt spor. Erling Kindem har tatt initiativ for å etablere eit skiløypeutval. Så kanhende kan det likevel bli «a happy ending».
Les mer...
Mens store deler av landet klager over en våt og kald sommer, har det vært fest på sauebeitene. Nå inviterer norske sauebønder til en høst med perfekte norske lam i kjøttdiskene.
Les mer...
Det snekres, klippes og monteres blant dugnadsgjengen før NM braker løs i morgen.
Les mer...
Torbjørg Haugen tilbaud Sirdal kommune å kjøpe fleire eksemplar av kokeboka si "Midt i Blinken". Sirdal kommune har nå takka ja til tilbodet.
Les mer...
NorGer KS har i dag sendt inn en revidert konsesjonssøknad til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for den planlagte likestrømsforbindelsen mellom Norge og Tyskland.
Les mer...
Nå er tida moden for hausting.
Les mer...
Damene som jobbar i COOP Marked Tonstad, har grunn til å vere stolte. Under ei tilstelning i Tønsberg blei butikken på Tonstad kåra til landets beste i klassa med omsetjing over 12 millionar.
Les mer...
Lørdag klokken 10.00 åpner Filadelfia dørene for årets loppemarked.
Les mer...